Om

Lokal hjelp, forklart på ein enkel måte

SANDAL IKT & media er ei lokal verksemd i Ørsta som hjelper privatpersonar og små verksemder med IT, nettverk, Microsoft 365, nettsider og tekniske løysingar.

Bak verksemda står Daniel Myrvåg Sandal. Du får direkte kontakt med den som vurderer behovet og utfører arbeidet – utan unødvendige mellomledd.

Målet er ikkje å gjere teknologien meir komplisert. Målet er at utstyret og løysingane dine skal fungere stabilt i kvardagen.

Daniel Myrvåg Sandal
Daniel Myrvåg Sandal

Dette kan du vente deg

Direkte kontakt

Du snakkar med den same personen frå første spørsmål til ferdig løysing.

Ryddige avtalar

Vi avklarer omfang, pris og forventningar før arbeidet tek til.

Praktiske løysingar

Du får teknologi som passar behovet og arbeidsmåten din – ikkje meir enn du treng.

Tilstades på Søre Sunnmøre

Vi held til i Vikegata 19A i Ørsta og tek oppdrag i Ørsta, Volda og områda rundt. Mange oppdrag kan òg løysast raskt med fjernhjelp.